#StayHappening
Sat Nov 07 2026 at 11:00 am to 03:30 pm UTC+01:00

Tresnittverkstad

  • Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway · Voss
Kunsthuset Kabuso Publisher / Host Kunsthuset Kabuso
Share
Tresnittverkstad
Advertisement
Kabuso gjentar det populære kurset frå i haust:
Bli med på tresnittkurs for vaksne! Aldersgrense 15 år
Kurset er i 2 delar og med grafikar Åse Vikse som instruktør.
Du får erfaring med å skjere ut motiv i tre og trykke på papir.
Kurset byggjer på bruk av gjenbruksmateriale og enkle ressursar.
Det du lærer på kurset kan du ta med deg heim og halda fram med utan å gå til innkjøp av store mengder utstyr.
Kurset går over 2 ettermiddagar i november:
Laurdag 7. novemberr kl. 11-15.30: Me utviklar kvar vår form i tre som me nyttar til å trykke på papir, og vidare ser me på korleis ein kan repetere og såleis lage mønster.
Sundag 15. november kl. 11-15.30: Me blir betre kjend med trykkemetoden og arbeider med meir samansette motiv. Me ser på lys og skugge i trykk og du lærer korleis ein lagar reduksjonstrykk
Du kan velje å vere med på begge øktene eller berre den første. For å vere med på den andre kursdagen må du anten ha vore med på del 1 eller ha erfaring med høgtrykk som t.d. lino- eller tresnitt frå før.
Maks 8 deltakarar per kursdag.
Pris 1320,- for 1 gong / 2300,- for begge.
Materialar, lunsj, kjeks og te/kaffi er inkludert i kursavgifta.
Ha på deg eit forkle eller kle som toler å få flekkar på seg under kurset (høve til å skifta på huset)
Ta gjerne også med papir du ynskjer å trykke på.
Åse Vikse (f. 1981) er ein tverrfagleg grafikar som bur og arbeidar i Øystese, Hardanger.
Ho held BA (Hons) i Commuication Design (Illustration) frå Gray’s School of Art Aberdeen og MA i Fine Art (Printmaking) frå Middlesex University London.
I tillegg, fleire kurs i ulike grafiske teknikkar som danna grunnlag for ei sterk interesse for grafikk som uttrykksform og førte vidare til fagspesifikk utdanning.
Ho har vist arbeid i m.a. Oslo, Bristol, Ísafjörður og London.
Vikse arbeider både med tradisjonelle teknikkar som tresnitt, og meir kontemporære monotrykk.
Vikse er oppteken av å nytte materiala som er tilgjengelege rundt oss. Gjennom å bruke materiala me finn rundt oss, vert vi utfordra til å skapa med eit avgrensa fotavtrykk.
Advertisement

Event venue

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway, Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norge, Voss, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Voss

Voss is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.