#StayHappening
Sun, 08 Nov, 2026 at 06:00 pm UTC+01:00

Frida sine eigne låtar på norsk for fyrste gong!

  • Vangskyrkja · Voss
SPRiLT Publisher / Host SPRiLT
Share
Frida sine eigne l\u00e5tar p\u00e5 norsk for fyrste gong!
Advertisement

Dette er Frida heilt på ekte, heilt personleg og heilt utan filter.
Frida har for lengst smelta seg inn i hjartet på millionar av lyttarar over heile verda. Frå starten som tenåring hadde Frida allereie ei vaksen stemme. No har ho sjølv blitt vaksen og fyller si eiga stemme betre enn nokon gong før.
Etter ein lang pause starta Frida med å tolke kjende låtar som "Nothing Else Matters", "When You Say Nothing At All" og "Save Your Tears" på norsk og publiserte versjonane sine på sosiale media. Dei enkle og personlege tolkingane hennar fekk raskt eit mykje større publikum enn ho hadde venta. Dei slitte originalane fekk nytt liv, og tekstane ein ny dimensjon gjennom Frida sine ord og tolkingar. Stemma til Frida som tekstforfattar viser seg å vera minst like stor som songstemma ho vart kjend for.
Sidan har Frida gitt ut tre eigne, norske låtar - "Spor", "Hjemmet Mitt i Nord" og "Hjem igjen" som for tida er lista på P1.
Snart kjem altså albumet med heile Frida heilt på norsk. Du kan trygt sjå fram til å vera mellom dei aller fyrste som får oppleva desse låtane, attpåtil i fantastiske Vangskyrkja.
Frida har med seg Bjørnar Ekse Brandseth på gitar og Mari Persen på fiolin.
Dørene opnar kl. 18:00
Konsertstart kl. 18:30
Advertisement

Event venue

Vangskyrkja, Bergsliplassen 1, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Voss

ROSSMAN

Fri, 13 Nov at 07:00 pm Konsul Jebsensgate 4, Dale

Voss is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.