#StayHappening
Sat, 07 Nov, 2026 at 09:00 am to Sun, 08 Nov, 2026 at 06:00 pm UTC+01:00

Karakterbyggande tur med DNT unge vaksne

  • Voss Stasjon · Voss
DNT Unge Vaksne Voss Publisher / Host DNT Unge Vaksne Voss
Share
Karakterbyggande tur med DNT unge vaksne
Advertisement
Ut på tur, aldri sur? Har du lyst til å kunne sei at du har vore ute ein vinternatt før? Vel, då er dette turen for deg! Vi inviterer til ein tur og overnatting i telt med mogleg dårleg vêr, men desto betre stemning!
Påmelding og informasjon finn du her:
https://aktiviteter.dnt.no/register/dntungevaksnekarakterbyggendetur_22062026011645#/
Informasjon om turen:
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Rød/ Krevjande.
Laurdag: 10 km, 470 høgdemeter. 4 timer marsjtid + pause.
Søndag: 12 km, 550 høgdemeter, tid: 5 timer + pause.
Om turen:
Laurdag: Me tar toget frå Voss til Ørneberget stasjon og går inn Slondalen, opp til Fagerdalsvatnet og ned til sørenden av Slondalsvatnet. Her slår vi leir for dagen, sette opp telt og lager felles middag.
Sundag: Me går opp bak sørsiden av Mjølfjellet til Tryglabotn. Vidare vestover mot Vesetvatnet og BT-hytten, før me går ned til Mjølfjell. Tog frå Mjølfjell stasjon til Voss.
NB! Ruta kan endrast etter vêr og føre! Me anbefalar å vente med å tinge togbillett.
Krav til deltakarar:
- Vant med å sova ute i telt.
- Ha erfaring med å vere ute i kaldt og dårleg ver.
- Ha gått turar på 10-15 kilometer med sekk med vekt.
- Ha klede for kaldt og vått vêr.
Utstyr:
Sjå pakkeliste her. https://www.dnt.no/turtips/turvett/artikler/pakkeliste-for-sommerturen/
- Sekk med ekstra plass til fellesutstyr.
- Hovudlykt
- Ekstra skift og varme klede
- Brodder/staver, om det er minusgradar.
- Me organiserer oss i teltgrupper
- Felles middag laurdag er inkludert. Frokost, lunsj og snacks utenom tek deltakerar med sjølve.
Deltakerantall:
12 deltakerar
Frammøte:
Voss stasjon kl 09.30. Toget går kl 09.50
Transport:
Laurdag: Tog frå Voss kl 09.50 til Ørneberget, syt for billett sjølv.
Søndag: Tog heim frå Mjølfjell kl 16.15, syt for billett sjølv.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Medlem 225 kr. inkluderer felle middag og administrasjonsavgift (75 kroner)
Ikkje- medlem 300 kr. inkluderer felles middag og adminstrasjonsavgift (150 kr)
Merknad:
Ved dårleg ver, kan turen endrast.
Gje beskjed om du har matpreferansar/allergiar/anna informasjon turleiarar bør vite om (i påmeldinga)
Gje turleiar beskjed om du kan stille med eiga telt og kor mange du har plass til, samt om du har primus/stormkjøkken (i påmeldinga)
Turleiarar:
Olav Bjelland Brekke, [email protected], 41396486
Sigbjørn Sakseid, [email protected], 93202284
Anita Tysseland, [email protected]
Advertisement

Event venue

Voss Stasjon, Stasjonsvegen 5,Voss, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Voss

Tresnittverkstad

Sat, 07 Nov at 11:00 am Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway

Voss is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.