Advertisement
Har du opplevd å bli dårlegare behandla på grunn av etnisitet, religion eller hudfarge, eller har du sett andre bli det? Ønskjer du å lære meir om korleis praktisere antirasisme, eller diskutere gode strategiar for korleis ein kan seie ifrå om rasisme ein opplever sjølv eller ser andre oppleve? Bli med på dialogmøte på Sogndal bibliotek!I 2020 vedtok fylkestinget at Vestland fylke skal vere ei anitrasistisk sone. I samband med dette, inviterer Likestillingssenteret på Vestlandet og Sogndal bibliotek til dialogmøte om rasisme og antirasisme i kvardagen.
Her er alle velkommen, så lenge du deler målet om eit lokalsamfunn fritt for rasisme. Du kan lære meir om kva utfordringar rasisme kan skape i kvardagen, dele av eigne erfaringar på feltet og bidra inn i ein viktig dialog om sunne miljø og tryggleik.
Arrangementet vil mellom anna ta opp samtalen om kva rasisme er og korleis det kjem til uttrykk i dagens samfunn. Samstundes skal vi drøfte korleis fremje like moglegheiter for deltaking og tilhøyrsle i lokalsamfunnet. Det vil bli lagt opp til dialog og refleksjon mellom deltakarane. Ta med bestevennen, bestemor og naboen og kom på samtale om korleis skape gode lokalsamfunn for alle!
Dialogmøtet vi bli leia av Nertila Stringa og Viljar Eidsvik. Kari Beheim Karlsen skal også bidra med personlege erfaringar om tematikken.
Dialogmøtet er finansiert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Vestland Fylkeskommune og ein del av arbeidet for at Vestland skal vere ei antirasistisk sone.
Advertisement
Event venue
Sogndal bibliotek, Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway
Tickets