#StayHappening
Sat, 14 Nov, 2026 at 10:30 am UTC+01:00

Bornas Verdsdag Førde 2026

  • Førdehuset, Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway · Førde
F\u00f8rdefestivalen Publisher / Host Førdefestivalen
Share
Bornas Verdsdag F\u00f8rde 2026
Advertisement
Kvart år i november arrangerer Førdefestivalen ein familiedag med gratis mini-verkstadar i musikk, dans og song, i tillegg til gratis aktivitetar og den internasjonale kafeen Fargerike Førde.
Verkstadane vert leia av profesjonelle instruktørar og representerer mange ulike kulturar. Sjølve grunntanken er ‘oppleving gjennom deltaking’. Det betyr at born i alle aldrar skal få prøve seg på folkedans, fele, marimba, perkusjon, lære nye songar og songdansar eller høyre eventyr.
Det er inga påmelding, og verkstadane går fleire gonger ut over dagen for at borna skal rekke å vere med på alle. Verkstadane vert dekorerte, slik at borna skal få ei slags kjensle av å vere i landet der den aktuelle dansen og musikken kjem frå.
Gratisfestivalen har Førdehuset som arena, og arrangementet vert gjennomført i samarbeid med Sunnfjord kommune.
PROGRAM:
🕥 10.30-14.30 Verkstadar og aktivitetar
🎭 14.30 Familieframsyning
✨ Gratis og ope for alle!
Velkommen til ein dag full av opplevingar, rytmar og smil 💛
NB! Frå kl. 10.00 kan du hente ut "billettar" til dei to første verkstadane (alle verkstadar er gratis).
"Billettane" til verkstad 3 og 4 vil bli sleppte når verkstad to har starta.
📸 Vi gjer merksam på at det vert teke foto og video under Bornas Verdsdag. Materialet kan bli brukt til dokumentasjon og promotering av arrangementet.
Advertisement

Event venue

Førdehuset, Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norge, Førde, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Førde

Juleverkstad

Tue, 01 Dec at 06:00 pm Angedalsvegen 5, 6809 Fords, Norway

Førde is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.