Advertisement
🎄Huldri sin JULEVERKSTAD! Eg har lyst å lage juleverkstad på Huldri Galleri før jul .....men, sjølvsagt ikkje heilt på den vanlege måten 😄
Denne gongen skal me lage NYTT AV GAMALT!!!
Du tek med deg noko brukt som du har lyst å gi nytt liv:
Ein gammal lampe?
Ein stol?
Ei ramme?
Eit lite bord?
Ein barnestol eller ei barneseng?
Eit fuglehus?
Ein utekost?!
Ja,eg tenkjer de skjønar teikninga!
Så møtest me på galleriet og målar, dekorerar, pussar, leikar og forvandlar!
Og det beste? Me hjelper kvarandre! Kanskje naboen ved sida av deg har akkurat den geniale ideen du sjølv ikkje kom på ❤️
Huldri stiller med varm kakao og julekaker
Maling, penslar og er inkludert!
Har du noko spesielt du treng til prosjektet ditt, tek du det med sjølv.
Du tek med ein brukt ting ...og reiser heim med noko heilt nytt! Årets julegåve❤️🩷❤️
Pris: 450,-per person ,alt av utstyr inkludert.( maling/ penslar)
Dette skal vere sosialt, kreativt, og helst litt kaotisk......ei koseleg førjulstid 🎄❤️
God respons, så om eg får nok påmeldingar,...blir det førjulskoz på galleriet 🎄❤️
Meld deg på her: [email protected]
( Bindande påmelding)
Kjærleik frå huldri huldri_
( deler eit skikkele jule AI bilde🤭)
Advertisement
Event venue
Huldri Galleri, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde i Sunnfjord, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Norge, Førde, Norway
Tickets