#StayHappening
Thu, 12 Nov, 2026 at 08:00 pm UTC+01:00

Repertoarslepp 2027

  • Storehagen 10, 6800 Førde, Norway · Førde
Teater Vestland Publisher / Host Teater Vestland
Share
Repertoarslepp 2027
Advertisement
Nesten som ei vanleg lansering, berre litt gøyare!

Vi har miksa nokre av dei beste ingrediensane vi veit og laga ei skikkeleg festkake av eit repertoarslepp for 2027, året vi rundar 50!
Korleis kan vi forstå oss sjølve gjennom å sjå på fortida - både den fjerne og den nære?
Du får smakebitar på dei ulike framsyningane du kan oppleve i jubileumsåret, mellom anna to nyskrivne musikalar om markante, vestnorske kulturpersonar. På menyen står elles ein god porsjon korsong, og som gjest får du også stor rabatt på teaterbillettar.
Til slutt kjem desserten: improteater på kjøpet.
Vi har invitert Det Andre Teatret til å reise rundt på grendehus og feire kvardagsheltane, dei som stiller opp og på ulikt vis er med og forme bygdene våre. Eldsjelene blir intervjua om hendingar frå det ytre og indre livet sitt, og så improviserer skodespelarane scener basert på det som blir fortalt.
Denne kvelden set vi den relativt ferske teatersjefen Aslak Moe i stolen. Kven er denne fyren frå Trondheim med plettfri nynorskpenn, og kvifor vel han å fortelje akkurat desse historiene i 2027?
Kom og bli med, så skal du få svar. Det blir garantert ikkje sukkerfritt.
Arrangementet er gratis, men du må ta ut ein fribillett via billettlenka over. Avgrensa med plass! Røyst mat & vin har ope.
Advertisement

Event venue

Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 10, 6800 Førde, Norge, Førde, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Førde

Førde is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.