Advertisement
Finst det liv på andre planetar? Kva skjer dersom du fell inn i eit svart hol? Kan menneske ein dag flytte til Mars – og finst det kanskje snarvegar til heilt andre univers?Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tek oss med på ei spektakulær reise gjennom verdsrommet, full av mysterium, enorme eksplosjonar og fantastiske oppdagingar.
Med bilete, film og spennande historier får vi høyre om svarte hol og ormehol, mystiske planetar, mørk materie og nokre av dei aller største eksplosjonane i universet. Vi skal òg finne ut kva dei nye superteleskopa har oppdaga langt, langt ute i verdsrommet.
Og kanskje får vi svar på nokre av dei verkeleg store spørsmåla:
Finst det liv der ute?
Har solsystemet vårt ein hemmeleg niande planet?
Kan du ein dag få jobb på Månen?
Og kan ein asteroide treffe Jorda?
Gjer deg klar for eit møte med eit univers som er mykje meir utruleg enn du kanskje trur!
Passar spesielt godt for born frå 6 til 12 år og familiane deira.
Advertisement
Event venue
Evangervegen 6, 5700 Vossavangen, Norway, Evangervegen 6, 5704 Voss, Norge, Voss, Norway
Tickets