#StayHappening
Sat, 31 Oct, 2026 at 07:00 pm UTC+01:00

Konsert i Kapellankåken

  • Ullestadvegen 10, 5704 Voss, Norway · Voss
Kapellank\u00e5ken Publisher / Host Kapellankåken
Share
Konsert i Kapellank\u00e5ken
Advertisement
Med sin dialektforankra viserock på plater som "Bøttevis med blått», "Baklengs tebake" og fjorårets «Vekk meg lenger vekke» har stordabu Endre Olsen i ei årrekkje hausta høge terningkast i rikspressa. For tekstane sine har han mottatt Olav H. Hauge-stipendet for unge lyrikarar (frå grunngjevinga: "Han syng om gleda i livet. Og om melankolien i livet. Om ting som gjekk gale og om vegen vidare. Om ting vi kan kjenne oss heime i uavhengig av alder, kjøn, kvar ein bur eller sosial status. Han ser utover seg sjølv og syner oss ein større himmel")og til vossingane leverte han for nokre år sidan tingingsverket «Endre Olsen & Hestehandlarane hyllar Ivar Medaas» som han sidan har turnert mykje med.
Visekunstnar Åsmund Nesse frå Bømlo har sidan debuten med plata "Lysning" i 2015 og sist med fjorårets "Indiemann", vore ein stødig leverandør av vare viser og smågalne songar på kav bømladialekt (etter nokre eksotiske år som frontfigur i bømlareggaebandet Nese Rastafari), like mykje inspirert av våre eigne visehøvdingar som folkrockarane på dei britiske øyar og med ein tydeleg eigen signatur, ofte basert på havgapet han ser ut på heimanfrå.
Dei to musikarane har kjent kvarandre sidan ungdomsåra, med jamlege musikalske treffpunkt der karrierevegane har lagt til rette for det. Denne kvelden er ein slik, der ein kjem tett på katalogane deira kvar for seg og i samspel og -song, ispedd dei gode historiane bak frå vegen hertil.
Einar Stokka tar turen rundt nova for å varma opp publikum på heimebane med nokre av sine eigne glimrande viser.
Dørene opnar ein time før konserten, og huset held ope også etterpå.
Advertisement

Event venue

Ullestadvegen 10, 5704 Voss, Norway, Ullestadvegen 10, 5704 Voss, Norge, Voss, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Voss

Lutefiskaften

Sat, 31 Oct at 06:00 pm Timrehaugen 2, 3580 Geilo, Norway

Voss is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.