#StayHappening
Fri, 29 Jan, 2027 at 06:00 pm UTC+01:00

Strengeplukk // Sogndal Kulturhus

  • Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway · Førde
Sogndal Kulturhus Publisher / Host Sogndal Kulturhus
Share
Strengeplukk  \/\/ Sogndal Kulturhus
Advertisement
Dørene opnar kl. 18:00, konsert frå kl. 19:00.
Forvent deg høgt tempo, virtuositet, hjerte og smerte og ein god dose humor når Strengeplukk nok ein gong inntek Blaoboxen i Sogndal Kulturhus!
Strengeplukk oppstod i Stavanger i 2015. Sidan det har dei spelt hundrevis av konsertar i Noreg frå nord til sør og spelt på fleire festivalar rundt om i Europa. Strengeplukk har først og fremst vorte kjende for å kombinere bunnsolid bluegrasstradisjon med velsmurde vestlandsdialektar, men med deira siste album Neste steg står også dialektar frå nord og aust på menyen. På bandet sitt repertoar finn ein songar om arbeidsfolk, kvardagen sine utfordringar, livet på vegen, hjarte og smerte og mykje meir – og ei skikkeleg drikkevise har dei sjølvsagt òg!
Her er noko av det pressa seier om Strengeplukk:
“Strengeplukk formidlar med ellevilt driv, tett samspel og fin, fleirstemt koring” – Heidi Molstad, Nynorsk Pressekontor
“De fem er instrumentalister på svært høy hylle og truppen låter som et ensemble som har spilt hundrevis av jobber sammen, det vil si framifrå”- Tor Hammerø, Musikkanmeldar
“It’s obvious that Strengeplukk has a keen understanding of bluegrass music. By the same coin they’re capable of crafting uniquely original material in that idiom” – Anm. Braeden Paul, Bluegrass Today USA
Få med deg eit av landet sine beste og mest hardtarbeidande nisjeband!
Strengeplukk er:
Nikolai Storevik – fele, vokal
Andreas Barsnes Onarheim – mandolin, vokal
Mikael Jonassen – banjo, vokal
Jakob Folke Ossum – gitar, vokal
Vidar Starheimsæter – kontrabass, vokal
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato: Fredag 29. januar
Tid: Dørene opnar kl. 18:00, konserten byrjar kl. 19:00. Dørene stenger kl. 22:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 349,-
Student: kr 299,-
Born under 18 år (NB! Må ha edrueleg verge): kr 299,-
Ledsager (følgjekort): kr 0,- Hugs at den som har følgjekort skal kjøpe ordinær billett.
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)
Advertisement

Event venue

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Førde

Førde is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.