#StayHappening
Fri, 19 Feb, 2027 at 06:00 pm UTC+01:00

The Red Barn og Bjørn Tomren

  • Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway · Førde
Sogndal Kulturhus Publisher / Host Sogndal Kulturhus
Share
The Red Barn og Bj\u00f8rn Tomren
Advertisement
Dørene opnar kl 18.00, konsert frå kl 19.00.
The Red Barn er ein kvartett som snor saman trådane mellom mellom anna jazz, folkemusikk og americana. Bandet består av nokre av dei travlaste og mest kreative musikarane i landsdelen, no samla under same låvetak.
Prosjektet starta med ei felles interesse for skjeringspunktet mellom jazz og americana, og har fått liggje og koke ei god stund. Med bakgrunn frå jazz, folkemusikk og americana skaper bandet eit unikt og fengande uttrykk som appellerer til eit breitt publikum.
Med lyttarvennlege komposisjonar som utgangspunkt fann musikarane raskt tonen og utvikla eit musikalsk uttrykk prega av leik, tolmod og eit sterkt fokus på å byggje vidare på den musikalske grunnideen.
Bandet består av Kåre Opheim, Toivo Fjose, Mathias Marstrander og Aksel Røed. Medlemmene i The Red Barn er involverte i ei rekkje andre musikalske prosjekt og samarbeider med anerkjende artistar og band som mellom andre Sigrid Moldestad, The Real Ones, Vill Vill Vest-favorittane Treverket, GPO, Spidergawd, Havene, Espen Horne & Athletic Unit, Toivo Quintet og Terje Isungset. Dei fire musikarane tilfører alle sitt eige allsidige uttrykk og ei stor breidd av erfaring.
Etter eit år med strålande internasjonale kritikkar for debutplata er The Red Barn aktuelle igjen med nytt album i 2026 – denne gongen i samarbeid med vokalist Bjørn Tomren.
Resultatet er eit musikalsk møte der jazz, americana, space-country og folkemusikk smeltar saman i eit nært og spennande uttrykk. I møtet mellom Tomren sitt særeigne vokalunivers og The Red Barn sitt opne, organiske lydlandskap oppstår eit uttrykk som er både leikent, rått og sårbart.

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 19. februar. Dørene opnar kl 18.00 konsert frå kl 19.00, dørene stengjer kl. 22:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 419,-
Student (frå VGS og oppover): kr 369,- (Studentbevis skal visast i døra).
Under 18 år: kr 369,- (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).
Ledsagarbevis/følgjekort: kr 0,- (NB! Ledsagarbevis/følgjekort skal visast i døra).

Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).
Advertisement

Event venue

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Førde

Førde is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.