#StayHappening
Wed, 21 Oct, 2026 at 05:30 pm UTC+02:00

Spesialomvising Europavisjonar

  • Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway · Oslo
Det Norske Teatret Publisher / Host Det Norske Teatret
Share
Spesialomvising Europavisjonar
Advertisement
Kva gjer skodespelarane før framsyninga? Korleis ser det ut bak scenen? Bli med på omvising og få innsyn i mange av teaterhemmelegheitene!
Hovudscenen til Det Norske Teatret er kanskje imponerande på avstand, men å få kome inn og sjå bak kan vere ganske overveldande. Her får du høyre anekdotar frå tida da framsyninga blei til og frå speleperioden, og det er stor fare for å støyte på nokon av dei som er med.
Turen vil også gå innom verkstadane der scenografi, kostyme og rekvisittar blir tilverka. Målet er at ein skal bli litt klokare på korleis eit teater går fram for å sette i scene ei så stor framsyning, men også få nokre innsidekunnskapar å imponere med til dei som ikkje har vore på omvising.
OBS! Dersom du ikkje har sett framsyninga før og ikkje anar noko om handlinga, kan det hende at du får vite eitt og anna som elles vil vere ei overrasking.
Praktisk:
Omvisinga vil ta ca. 45 min.
Vi gjer merksame på at Det Norske Teatret er ein arbeidsplass, og nokre gonger er det restriksjonar på kor vi kan gå.
Rundt på huset er det store avstander og ikkje alltid høve til å bruke heis. Vi legg til rette for at alle skal kunne vere med, men treng beskjed om dette i god tid på førehand.
Vi gjer merksame på at billett til omvisinga ikkje inkluderer billett til framsyninga. Ønskjer du å sjå Europavisjonar må du kjøpe billett til framsyninga separat.
Pris:
100,- for barn/unge opp til 25 år og 150,- for vaksne.
Advertisement

Event venue

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Oslo

Oslo is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.