Advertisement
Hjarteleg velkomen til Oslo-lansering av Kirja!Last Train i Universitetsgata. Opplesingar, øl, boksal. 19-20. Fleire detaljar kjem. Heng med.
"Eg skriv om å setje om ein roman om ein mann som murar ein omn, eg skriv ei bok, og i omsetjinga er omnen eit bilete på romanen som vert skriven og omsetjinga er eit arbeid som går inn i det same mønsteret, den same skrivinga, det kjennest så einskapleg, men er det ikkje òg uendeleg smått? Nei, det er ikkje det for meg, det er ei søking innover i denne skrivinga, mot det som er grunnleggjande, det som er avgjerande i eit liv, vatn og varme, eld og røyk som rører seg i kanalar, korleis det når ein reiser frå ein annan kjennest som om ein har på seg for lite klede, korleis skrivinga skal kunne halde fram med å finnast i verda, rammer for sannkjenning, eit blikk for den andre."
Advertisement
Event venue
Last Train, Oslo, Norway
Tickets