#StayHappening
Wed Oct 21 2026 at 08:00 am to 10:00 am UTC+02:00

Sjølvfølgjer om kjønn i det norske språket- er det så farleg då?

  • Kong Oscars gate 66-68, 5017 Bergen, Norway · Bergen
Likestillingssenteret p\u00e5 Vestlandet Publisher / Host Likestillingssenteret på Vestlandet
Share
Sj\u00f8lvf\u00f8lgjer om kj\u00f8nn i det norske spr\u00e5ket- er det s\u00e5 farleg d\u00e5? Språk er på mange måtar i dag heilt grunnleggjande for korleis vi menneske forstår verda. Det er gjennom ord, lydar og kroppsspråk dei fleste kommuniserer med kvarandre, der språket kan leggje både føringar og avgrensingar for korleis vi observerer, tolkar og opptrer. Kva skjer så når språket vi bruker kan vere prega av føredomar, stereotypiar og ekskludering? Kva tiltak må til for å skape eit trygt og inkluderande språkmiljø for alle?
Likestillingssenteret på Vestlandet inviterer til frukostseminar om kjønn i språk og språk i kjønn. Her skal vi mellom anna diskutere dominerande diskursar, misforståingar og konsekvensane av krafta i orda. Samstundes skal vi bryte ned mytar, drøfte løysingar for likestilling i språket og diskutere gevinsten av normkreativitet.

Program:
Vår praktikant, Tonje Aurdal Åsheim, ønskjer velkomen og innleier seminaret med ein kort introduksjon av korleis vi kan forstå forholdet mellom kjønn, språk og makt.
Etter introduksjon vil det bli spennande innlegg frå:
• Adele Straumsnes: utdanning innan lingvistikk, pedagogikk og tverrfaglege kjønnsstudiar, har jobba i Sex og Politikk og arbeider no med Inkluderende Feminisme-Initiativet.
• Erwin Rapiz Navarro: dagleg leiar for Skeiv Verden Vest.
• Christian Lomsdalen: lærar, religionsvitar og ph.d-kandidat. Forskar på fritaksretten i norske skular.
Innlegga vert følgde opp av ein panelsamtale, der vi også inviterer ein representant frå Bergen Kvinnesaksforening til å delta. Vi avsluttar med innspel frå publikum.

Vi byr på god frukost, kaffi, te og spennande samtaler. Arrangementet er gratis, men vi ønskjer at du melder deg på slik at vi kan sikre nok mat til alle. Påmeldingsskjema finn du her i arrangementet og på nettsidene våre.
Er du interessert i å lære noko nytt om korleis du kan bli meir medviten på eigen språkbruk? Kom på frukostseminar då vel!

Event venue

Kong Oscars gate 66-68, 5017 Bergen, Norway, Kong Oscars gate 66, 5017 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.