Advertisement
Rosa sløyfeløp 2026 blir det 5. løpet i Førde! Bli med å farge Førde rosa <3I år som i fjor arrangerer vi Rosa Sløyfeløp i samarbeid med Puls Førde og Elvetorget. Start og avslutning på Torgplassen. Utdeling av startpakkar frå kl 17, løpsstart kl 18.
Gratis påmeling for ungar i alderen 3-9 år med startnummer og medalje.Ungdomspåmelding 9-18 år med redusert pris.
Miniløp for ungar i alderen 3-9 år saman med hovedløpet.
Bjarne frå Puls Førde stiller med song og oppvarming. Elvetorget stiller med bollar og kaffi etter løpet – dette blir kjekt!!
Nytt av året er at alle får startpakke utlevert på løpsdagen.
Veldig viktig at ein melder seg på så tidleg som mogeleg slik at vi får tilsendt nok til alle.
Det blir salg av armbånd og diverste stæsj til inntekt til Rosa Sløyfe.
Dersom bedrifter ønskjer å sponse sine tilsette med heile eller deler av påmeldingsavgifta, kan dei ta kontakt med Rosa Sløyfe Løpet via ein eigen knapp på påmeldingssida. Da får dei generert ein rabattkode som kan delast til tilsette og dei melder seg på. Bedrifta får då faktura på aktuell del i etterkant.
Ønskjer du å profilere bedrifta di på Rosa Sløyfe Løpet? Ta kontakt med Daniel på Fjord Supply og få logo trykt på rosa t-skjorter eller gensere. Pris osv får du ut frå antall – send epost [email protected]. Dei sel også rosa t-skjorter enkeltvis dersom du vil teikne sjøl 😀
Påmelding her; https://www.rosasloyfelopet.no/ildsjel/rosa-sloyfe-lopet-forde-2026/
Advertisement
Event venue
Elvetorget, Naustdalsvegen 1A, 6800 Førde, Norge, F, Norway
Tickets