Advertisement
Kurs med Gunnar Bruland på
Norsk Fjordhestsenter.
Kurset er lagt opp slik at alle deltakarane har ein privat time (30min) pr dag. Undervisninga blir tilrettelagt til kvar enkelt.
Pris 1000,- for medlemmer i Norges Fjordhestlag,
ikkje medl 1050,-. Medlemmar under 26år får halv pris.
Konto 3790 10 25194 'merk Gunnarkurs'
Det er mulig å vere med kun ein dag (500/525,- 30min)
På kurset kan du lære meir om temjing, innkøyring, dressurkøyring, presisjon, maraton, innriding, dressur riding, taume køyring, køyreprøve/rideprøver til utstilling, bli trygg med hesten, eller generell handtering.
NB! Opplys i innmeldinga kva du ynskjer å jobbe med samt info om hesten.
Gunnar Bruland er utdanna køyreinstruktør fra Starum og har i tillegg fleire års konkurranse erfaring. Han har fleire år våre kusk på utvida bruksprøver for fjordhest og dølahest. Gunnar har eit godt auge for å lese både hesten og eigar sitt kroppsspråk og jobbar konsekvent for at hesten og du skal vere trygg og avspent.
Gunnar har ein svært god og pedagogisk måte å formidle sin kunnskap - han forteller ikkje kva du skal gjere men kvifor. Han passar difor godt til hestar og folk i alle aldersgrupper.
Ønsker du å delta med hesten din eller har fleire spm kan du sende meg ei melding på FB eller sms
Kari Sefland Bjørlo, 98853984.
NB! All påmelding SKAL via pm eller sms, kommentar på "hendiga" er ikkje nok🙂
Arr: Eid Fjordhestlag
Advertisement
Event venue
Norsk Fjordhestsenter, Myroldhaugen 88, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway
Tickets