Advertisement
Etter to svært vellukka gjennomføringar (4,7 av 5 i deltakarvurdering) med 40 deltakarar som har gjennomført, opnar vi no for tredje kull i Leiarutvikling i Fjorden.Behovet er tydeleg: Leiarar i Nordfjord står i aukande krav til endring, medarbeidaroppfølging og arbeidsmiljø. Dette programmet gir deg verktøy, refleksjon og trening i å handtere nettopp dette – i ein regional kontekst.
Gjennom fem samlingar blir du ført gjennom sentrale tema av organisasjonspsykolog Sindre Storvoll. Du får:
* konkrete verktøy du kan bruke i eigen kvardag
* strukturert refleksjon rundt eiga leiarrolle
* erfaringsutveksling med andre leiarar i regionen
Maks 20 deltakarar gir ei trygg og aktiv ramme.
Sindre Storvoll er psykologspesialist med brei erfaring innan organisasjon, leiing og arbeidsmiljø. Han arbeider dagleg med å utvikle leiarar og team, og er kjend for ei praktisk og utfordrande tilnærming til leiarutvikling.
Samling 1, 22. oktober – Kommunikasjon
Korleis fange opp når medarbeidarar slit?
Samling 2, 26. november – Stress
Kvifor er det så vanskeleg å setje grenser?
Samling 3, 28. januar – Konflikt
Uønska hendingar. Kor går grensa for kva som er akseptabelt?
Samling 4, 11. mars – Arbeidsmiljø
Kva skapar faktisk gode arbeidsmiljø?
Samling 5, 20 mai – Leiarrolla
Kven er du som leiar – og kvifor?
Praktisk informasjon:
Stad: Stokkenes Gard, Nordfjordeid
Tid: Kl. 09:00–15:00 alle dagar (lunsj inkludert)
Påmelding: Heile programmet eller enkeltdagar
Plassane blir tildelt etter «først til mølla»-prinsippet
Advertisement
Event venue
Stokkenes Gjestegård, Nordfjordeid, Norway, Sunndal
Tickets
Discover more events by tag
Leadership in SunndalWorkshops in SunndalEducation in SunndalPsychology in SunndalMotivational in SunndalSkills-upgradation in SunndalEmotional-intelligence in SunndalBusiness in Sunndal