Advertisement
Velkommen til FolkOrg sitt rekrutteringsseminar laurdag 21. november under Folkelarm!I samband med Folkelarm inviterer FolkOrg til seminar om rekruttering innan folkemusikk og folkedans laurdag 21. november kl. 10.00–12.00 på Riksscena.
Seminaret skal vere ein møteplass for alle som arbeider med eller er interesserte i rekrutteringsarbeid. Målet er å dele erfaringar frå ulike prosjekt, inspirere kvarandre og gje deltakarane nye idear og verktøy til rekrutteringsarbeidet i eigne lokalmiljø.
Sidan 2017 har FolkOrg samarbeidd med Dextra Musica om å styrkje rekrutteringsarbeidet innan folkemusikk og folkedans. Gjennom samarbeidet har FolkOrg fått moglegheit til å støtte mange av dei gode rekrutteringsinitiativa som skjer i folkemusikk- og folkedansmiljø over heile landet. På seminaret får vi møte tre prosjekt som har fått rekrutteringsmidlar gjennom Dextra Musica i 2026.
Desse vil presentere prosjekta sine:
- Prosjekt Tradisjonskultur: Regional satsing på opplæring i folkemusikk og folkedans i Hallingdal, med mellom anna oppretting av stilling som distriktsmusikar.
- Hardanger spelemannslag og Hardingfolk: Langsiktig rekrutteringsarbeid og miljøbygging, kobla med erfaringar frå arbeidet rundt Landsfestivalen i 2019 og Landskappleiken i 2025.
- VAFFL: Erfaringar frå etableringa av eit nytt lag i Agder og arbeidet med å utvikle rekrutteringsaktivitetar og byggje eit lokalt miljø for folkedans og folkemusikk.
I tillegg vil Gro Marie Svidal frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) fortelje om samarbeidet mellom Sff og Kulturskulerådet. Live Visdal frå FolkOrg vil presentere den nye tildelinga for perioden 2027–2029 og fortelje om prioriteringane i den kommande utlysinga av rekrutteringsmidlar.
Seminaret er gratis.
Det vert servering av kaffi, te og lunsj.
Seminaret er finansiert av Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB.
Her kan du melde deg på seminaret: https://www.folkelarm.no/rekrutteringsseminar.6753709-569622.html
Her kan du lese om programmet på Folkelarm: https://www.folkelarm.no/full-program.569620.no.html
For spørsmål, ta gjerne kontakt:
Live Visdal
Rådgjevar i FolkOrg
[email protected]
tlf. +47 974 15 515
Foto:
Landskappleiken på Hovden 2026 - Hugnadheim halling, lagdans junior.
Runhild Heggem
Advertisement
Event venue
Riksscena, Herslebs gate 2A, 0561 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Tickets