Advertisement
Laurdag 24. oktober står Daniel Kvammen på scena under Gytefestivalen i Lærdal 🤩Helga 23.-25. oktober byr festivalen på gytevandring, føredrag, konsert, bokbad, lokalmat, flugefiskekurs og mange andre kjekke opplevingar for heile familien.
Konserten er eitt av fleire høgdepunkt under Gytefestivalen.
Etter konserten held laurdagskvelden fram med gytefest og DJ Trym Ramstad i foajeen på Besøkssenteret for Villaks.
OM ARTISTEN:
Sidan debuten i 2015 har Daniel Kvammen etablert seg som ei av dei mest markante stemmene i norsk pop. Med Spelemannspris, Målprisen og millionar av strøymingar har han gjort seg kjend for sitt sterke personlege uttrykk og popmusikk på hallingdialekt.
Frå gjennombrotet med "Du fortenar ein som meg" til det kritikarroste albumet "Guta som gret" har Kvammen levert låtar som både rører og engasjerer.
Med si unike formidlingsevne og sitt nære språk har han vorte eit folkekjært namn, og ein artist som verkeleg har funne si eiga stemme, ein stad mellom det hjartevarme og det allsangvenlege.
BILLETTAR OG ALDERSGRENSE:
For å delta på konserten må ein anten ha laurdagspass (kr 395,-) som gir inngang til konsert og gytefest, eller festivalpass (kr 790,-) som gir inngang på alle arrangement heile festivalhelga.
❗️Aldersgrense 18 år på konserten og gytefesten.
PROGRAM:
20:30 - 22:00: Konsert med Daniel Kvammen / Kultursalen
22:00 - 01:30: Gytefest med DJ Trym Ramstad / Foajeen Besøkssenter villaks Lærdal
Meir info og program for Gytefestivalen her: https://www.facebook.com/events/2125886617962127
Advertisement
Event venue
Lærdal kulturhus, Øyraplassen 14,Lærdalsøyri, Voss, Norway
Tickets