Advertisement
Velkomen til møte med Odd-Geir BruasetI over 40 år har Odd-Geir Bruaset samla folk framfor TV-skjermen og radioen. Som mannen bak den folkekjære serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu har han formidla sterke livshistorier og gitt stemme til menneske og miljø i heile landet.
No kjem han til oss for å snakke om boka Vegen som vart min. Her tek han oss med tilbake til oppveksten i Romsdal, og fortel om hardt arbeid og enkle kår, den uventa vegen til NRK og valet mellom læraryrket og journalistikken.
Gjennom eit langt liv i media har Bruaset opplevd både store nyhende og nasjonale tragediar, men også møtt menneske som har sett spor for livet. Publikum får høyre historier frå eit rikt journalistliv, med glimt frå arbeid med storslegen natur, dronning Sonja, Erik Bye og mange av dei personane som har gjort inntrykk gjennom åra.
Dette blir ein kveld med varme, humor, gode forteljingar og refleksjonar om livet i utkanten av landet vårt.
Vel møtt til ein inspirerande kveld med Odd-Geir Bruaset!
Advertisement
Event venue
Blix Hotell, Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Norge, Voss, Norway
Tickets