Advertisement
Artistane Fredrik Steen & Jorunn Torsheim inviterer til eit splitter nytt show der dei lovar herleg førjulsstemning fullspekka av leik og humor - og ikkje minst briljant musikk! Showet vert spela på Thon Hotel Ålesund i førjulstida, men den 19. november tek dei seg ein avstikkar til Sjøborg i Ulsteinvik. Sunnmøringen Fredrik Steen (56) er ein veteran i den norske underhaldningsbransjen, og har lang og brei erfaring frå både scene, TV og film. Fredrik er som mange veit mannen bak revyfiguren "Hildegunn Moltubakk", men denne gongen må den sprelske husmora pent bli igjen heime.
For denne jula tek Fredrik heller med seg sunnfjordingen Jorunn Torsheim (51) på scena, ein svært erfaren og allsidig songar og scenekunstnar med bakgrunn frå opera, teater og musikkteater. Jorunn er klassisk utdanna frå Norges Musikkhøgskole og Goldsmiths College. Ho er òg dotter av den eksentriske kunstnaren Oddvar Torsheim frå Førde, og har nok arva mykje av både galskap og artisteri derifrå.
Fredrik og Jorunn har jobba saman med fleire ulike prosjekt tidlegare, men det er først gong dei gjer eit heilaftans show saman.
Piano: Peter Demirov
Bass/gitar: Lars Øverås
Lyddesign: Sverre Walderhaug
Lysdesign: Thomas Mellingen Hanssen
Showet er produsert av Zenario og XAudio
Advertisement
Event venue
Sjøborg kulturhus og kino, Sjøgata 10, 6065 Ulsteinvik, Norge, Aalesund, Norway
Tickets
Discover more events by tag
Christmas in AalesundPerforming-arts in AalesundMusic in AalesundComedy in AalesundParties in AalesundEntertainment in Aalesund