#StayHappening
Fri Nov 20 2026 at 08:00 pm to 09:30 pm UTC+01:00

Jul i Våje!

  • Fosnavåg konserthus · Aalesund
Fosnav\u00e5g konserthus Publisher / Host Fosnavåg konserthus
Share
Jul i V\u00e5je!
Advertisement
Kven hadde trudd at ulsteinvikaren Fredrik Steen skulle verte herøyværing? Det er så sant som at to pluss to er fire, og no i haust inviterer han og Jorunn Torsheim til eit splitter nytt show der dei lovar herleg førjulsstemning fullspekka av leik og humor - og ikkje minst briljant musikk! Showet vert òg spela fast på Thon Hotel Ålesund i haust, men fredag den 20. november tek dei turen til Fosnavåg Konserthus!
Fredrik Steen (57) er ein veteran i den norske underhaldningsbransjen, og har lang og brei erfaring frå både scene, TV og film. Fredrik er som mange veit mannen bak revyfiguren "Hildegunn Moltubakk", men denne gongen må den sprelske husmora pent bli igjen heime.
I staden for tek Fredrik heller med seg sunnfjordingen Jorunn Torsheim (51), ein svært erfaren og allsidig songar og scenekunstnar med bakgrunn frå opera, teater og musikkteater. Jorunn er dotter av den eksentriske kunstnaren Oddvar Torsheim frå Førde, og har nok arva mykje av både galskapen og artisteriet sitt derifrå. Fredrik og Jorunn har jobba saman med fleire ulike prosjekt tidlegare, men det er først gong dei gjer eit heilaftans show saman.
Tangentar: Peter Demirov
Bass/gitar: Lars Øverås
Lyddesign: Sverre Walderhaug
Lysdesign: Thomas Mellingen Hanssen
Billettpris kr 545,- inkl. billettavgift. Vi legg ut 200 billettar til småbord nede, unummerert. Skulle det blir fullt, så vil vi legge ut nokre billettar til oppe.
Advertisement

Event venue

Fosnavåg konserthus, Gerhard Voldnes veg 7, 6090 Fosnavåg, Norge, Aalesund, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Aalesund

Aalesund is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.