#StayHappening
Sat, 24 Oct, 2026 at 05:00 pm UTC+02:00

Jubileumskonsert og feiring - Tokke skulemusikk 60 år!

  • Tokke Kulturhus · Notodden
Tokke skulemusikk Publisher / Host Tokke skulemusikk
Share
Jubileumskonsert og feiring - Tokke skulemusikk 60 \u00e5r!
Advertisement
Tokke skulemusikk fyller 60 år i år!
Vi inviterer alle i Tokke til feiring og jubileumskonsert, LAURDAG 24. OKTOBER kl 17.00!
I over 60 år har Tokke skulemusikk vore ein viktig del av kulturlivet i Tokke. Mange born, ungdommar og vaksne har lært seg å spele instrument, øvd, marsjert, reist på turar, fått nye vener og minner for livet. Korpset har bidratt med musikk og stemning på 17. mai, julefeiringar, Dalsmarken og andre store hendingar.
Me ynskjer å feire musikken og innsatsen som korpset har bidratt med alle desse åra. Og alle er hjarteleg velkomne til å bli med på feiringa!
På konserten plukkar me opp att høgdepunkt frå konsertane me har hatt saman med Fyresdal musikkorps sidan 2020. Fyresdal musikkorps blir med og spelar denne dagen.
På konserten får du høyre musikk frå ei rekkje ulike sjangrar og tiår, m.a.:
Michael Jackson
Tobias Sten
Vamp
Kaizers Orchestra
Markus og Martinus
Nydeleg filmmusikk frå Dragetreneren, Hunger Games, Orions Belte, Planes
og mykje meir.

Program:
17.00 - Konsert m/pause
18.30 - Jubileumsfest
<3 Sal av middag, kaker og kaffi
<3 Talar og underhaldning
Inngang:
100 kroner for vaksne.
200 kroner for familiar.
Born under 18 år gratis inngang
Ta med deg vener, naboar og familie til ein hyggjeleg musikalsk ettermiddag og feiring av korpset vårt! :)
Advertisement

Event venue

Tokke Kulturhus, Storvegen 211,Dalen, Telemark, Notodden, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Notodden

Musikkbingo!

Fri, 23 Oct at 07:00 pm Nyveg 16, 3840 Seljord, Norway

Notodden is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.