Advertisement
HMS-BINGO – PÅ EIGE ANSVAR!Lene og Geir tek Verneombodets dag på aller største alvor!
Difor inviterer me til ein svært seriøs, lærerik og til tider konfronterande kveld på Granvin kulturhus!
Det blir HMS-musikkbingo, der helse, miljø og sikkerheit (eller var det Heime Med Sau?) står i sentrum.
Me lovar ein kveld full av musikk, latter, tvilsame HMS-vurderingar og kanskje nokre alvorlege avvik frå normal åtferd.
Her blir det risikovurdering av låtval, førebygging av dårleg stemning og høg beredskap for allsong. Høyrselsvern er tilrådd, men ikkje påbode!
Me kan ikkje garantere eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, men me lovar å gjere vårt ytste for at ingen skal forlate lokalet utan minst eitt avvik å rapportere.
Alle er hjarteleg velkomne, og me oppmodar spesielt alle verneombod i heile Vest-Telemark til å møte opp!
Ingen forkunnskapar er nødvendige. Verken innan HMS eller musikk. Sunn fornuft kan med fordel leggjast att heime.
Velkomen til ein kveld der tryggleiken står i høgsetet – heilt til musikken startar!
Baren opnar kl 19:00
Musikkbingoen startar kl 20:00
Aldersgrense 18 år
Inngang: 150 kr
Advertisement
Event venue
Nyveg 16, 3840 Seljord, Norway, Nyveg 16, 3840 Seljord, Norge, Notodden, Norway
Tickets