Advertisement
Velkomne til ei koseleg førjolssamling!Merk at det til dette arrangementet vil vera påmelding enten
pr telefon/sms til Brita H. Hauso 90123387
pr telefon/sms til Aud Mari Eitrheim 97601366
eller billett: https://tikkio.com/events/63214
Frist for påmelding/kjøp av billett er 09.12.26.
Lajla Storli og John Ole Morken er kjente namn på
folkemusikkartet. Begge to er solistar med sterk forankring i
sine lokale tradisjonar frå Hardanger og Røros-distriktet.
Lajla kjem frå Hardanger og er songar og hardingfelespelar.
Ho har eit allsidig repertoar med viser, feleslåttar og stev.
Lajla har gjeve ut soloplata «Møya som drøyme», som
hausta gode kritikkar. Lajla står også bak folkemusikkens
svar på BliMe-dansen; «Danseglede», der ho har skrive
tekst og melodi. Våren 2023 kom samlinga Slåttar frå Kvam,
Ulvik, Ullensvang og Eidfjord, der Lajla spela inn slåttar for
Hardingfele saman med Knut Hamre, Benedicte Maurseth og
Annlaug Børsheim.
John Ole er felespelar, men trakterer også gitar. Han kjem frå
Røros-distriktet der Rørospolsen er eit av hans hjartebarn.
Han har spelt inn fleire plater med musikk frå heimtraktene.
Dei siste åra har han vore tilsett i NRK som programleiar i
programposten Folkemusikktimen på P2. Både Lajla og John
Ole har hatt Statens kunstnarstipend.
Dei feirar 20 år som duo, og har eit allsidig program med seg.
Her får ein høyra tradisjonell folkemusikk og viser med eigne
melodiar og tekstar. Dei er båe glade i lyrikk, og har tonesett kjende dikt etter Olav H. Hauge. Det er alltid kjekt å spela i
Hardanger, og dei ser fram til å ha ein desemberkonsert på
Skrivargarden på Hesthamar.
Etter konserten vert det servert rjomegraut og spekemat, kaffi
og kaker.
Foto: Elisabeth Emmerhoff/Runhild Heggem
Advertisement
Event venue
Fjordavegen 4581, 5778 Hesthamar, Norway, Fjordavegen 4581, 5778 Ullensvang, Norge, Voss, Norway
Tickets