Advertisement
Daniel Kvammen – Frå bygd til bygdBilletter: https://www.danielkvammen.no/konsert
Eg skal endeleg på juleturne og reise frå bygd til bygd igjen! Årets aller, aller finaste eventyr <3 Me gjentar tradisjonen og lagar julekonsert der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Håper me sjåast ♡
Eg vil synge jula inn for alle uss som kjem frå ei lita bygd. Reise dit det finns snøkvite vegar, til ein stad lengst oppe i ein dal, i ei vik, i enden av ein fjord. Der ligg jula å ventar, heilt innerst inne. Eg vil laga sjukt fin julestemning. Eg kjem til den plassen du kaller heime. Og så feirer me i lag. Med familie og venner, liten og stor, merkelig og rar, snill og god. Jul i eit grendehus, i ei varm stue. Der snøen på taket ligg som eit lysande teppe og speiler stjernelyset frå himmelen. Der kjærleiken er rein og varm.
Dette gler eg meg heilt utrulig til. Me skal vekke gamle samfunn og forsamlingshus, og me skal reise til alle flotte krikar og krokar. Det blir jul! Og aller viktigst, me skal feire det finaste me har: Kverandre ♡
Håpar å sjå dykk der:)
Kjærleik frå Daniel
Advertisement
Event venue
Ungdomshallen Voss Ul, Voss, Norway
Tickets