Advertisement
Varmt velkommen til SFPV-Bergen's studiegruppe! Her vil me samlast annan kvar veke resten av semesteret for Ă„ lese, studere, forske, reflektere og diskutere det me har undersĂžkt. đ€ Psykedelisk vitskap er stort og mangfaldig. Dette mangfaldet er viktig Ă„ ivareta. Det gjer ogsĂ„ at studiegruppa kan nyttast pĂ„ mange ulike mĂ„ter. Til dĂžmes kan me:
· lese den same forskningsartikkelen eller bokkapittelet og snakke om det frÄ kvart vÄrt perspektiv,
ELLER
· lese forskjellege utsnitt av same bok og presentere for kvarandre (t.d. klassikarar som "DMT: The Spirit Molecule" eller "LSD â My Problem Child"),
ELLER
· utforske eitt spesifikt tema/omrÄde (t.d. MDMA, Psykedelika som terapi, integrering, effektane av psilocybin, historien om Ayahuasca, etiske aspekt, rave kultur, psykedelisk turisme osv.) og presentere og diskutere funna for kvarandre.
ELLER
· ha ein meir open og ustrukturert diskusjonsgruppe.
Det blir opp til kvar enkelt Ä tenke igjennom kva du Þnskjer, sÄ samskapar me ei gruppe som tilfredsstillar dei behova som mÄtte oppstÄ.
* * *
Tema me vil utforske til neste gong: Tradisjonell bruk av psykedelika i forbinding med overgongsrituale (t.d. samhain (halloween), vinter- og sommersolverv, vÄr- og haustjamndÞgn o.l.).
* * *
Rommet Stillhet pÄ Det Akademiske Kvarter/Studentersamfunnet i Bergen ligg litt bortgjemt i 3. etg.
Eg gleder meg til Ă„ treffast igjen, og samskape eit fellesskap som utforskar dette spennande feltet. đ€đ©”
- LĂžv Maya
Advertisement
Event venue
Studentersamfunnet i Bergen (Rom: Stillhet), Fosswinckels gate 7, 5007 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Tickets