Cabaret

Sat Oct 17 2026 at 06:00 pm to 08:30 pm UTC+02:00

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway | Oslo

Det Norske Teatret
Publisher/HostDet Norske Teatret
Cabaret
Advertisement
Velkommen til Kit Kat Klub – staden der du kan leggje problema og skuffelsane dine ved inngangsdøra og kaste deg ut i den livsnytande og hemningslause natta. Her inne er livet vakkert, jentene er vakre, ja, til og med orkesteret er vakkert.
Vi er i Berlin, tilbake på 30-talet, i ei brytningstid der byen både har ei forlokkande tiltrekkingskraft samstundes som den politiske einsrettinga får fotfeste. Kontrastane er store mellom det frigjorte kunstnarmiljøet og samfunnet elles. Til denne hovudstaden kjem amerikanaren Cliff Bradshaw. Den unge forfattaren blir straks dregen inn i byens heftige natteliv. Her møter og forelskar han seg i Cabaret-songerinna Sally Bowles.
Der ingenting er tabu
Kit Kat Klub er ein lurvete og sveitt nattklubb, der takhøgda er stor og du kan vere den du ønskjer. Ein fristad frå det dystre politiske bakteppet som breier seg på utsida. Sydande liv, eggande rytmar og høg toleranse blir motsvaret til fascismen og det etterkvart så taktfaste ropet på ein sterk leiar. Men verdas undergang er enno ikkje her, og sjølv om den politiske verkelegheita kryp nærmare blir det fest på nattklubben Kit Kat Klub der ingen ting er tabu.
Den store musikalsatsinga hausten 2026
Kjersti Horn har regien på haustens musikalsatsing og saman med sin faste scenograf Sven Haraldsson og Patricia Svajger på maske- og kostymedesign skal ho ta oss med tilbake til 30-talets hippaste hovudstad. På scenen er det spent opp fleire storskjermar, og handlinga i musikalen vil spele seg ut i fleire tidsriktige miljø som blir bygde på teateret. Det blir nære spelescenar som skal projiserast til lerretet, men også storslegne musikalnummer og sveitt nattklubbstemning på teatrets Hovudscene. Dansar Silas Henriksen er koreograf for eit stort ensemble av dansarar, og i spissen for underhaldninga på Kit Kat Klub finn vi Sara Khorami i rolla som Sally Bowles. Preben Hodneland er klubbens Emcee, og musikalsk ansvarleg er Svenn Erik Kristoffersen. Oscar Udbye er lysdesignar.
Musikalen Cabaret hadde premiere på Broadway på 60-talet, og har vist seg å ha ei kraft som gjer den like potent, underhaldande og skremmande no som gjennom heile etterkrigstida.
Advertisement

Event Venue

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Oslo

SYL \/\/ John Dee \/\/ 16.10.26
Fri, 16 Oct at 07:00 pm SYL // John Dee // 16.10.26

Rockefeller / John Dee / Sentrum Scene

Intimkonsert med Minor Majority (trio) - UTSOLGT
Fri, 16 Oct at 09:00 pm Intimkonsert med Minor Majority (trio) - UTSOLGT

Grefsenkollveien 100, 0490 Oslo, Norway

Dandiya for SEWA 2026
Sat, 17 Oct at 04:00 pm Dandiya for SEWA 2026

Vallhall Arena

BRITNEY CLUB | SALT
Sat, 17 Oct at 05:00 pm BRITNEY CLUB | SALT

SALT art & music

Balladeklubben: SPRING Edition!
Sat, 17 Oct at 08:00 pm Balladeklubben: SPRING Edition!

Youngstorget 2A, 0571 Oslo, Norway

M\u00f6nof\u00fcel \/\/  Light At The End
Sat, 17 Oct at 08:00 pm Mönofüel // Light At The End

Toftes gate 69, 0552 Oslo, Norway

Bj\u00f8rn Tomren - Gj\u00f8r s\u00e5 godt han kan.
Sat, 17 Oct at 08:30 pm Bjørn Tomren - Gjør så godt han kan.

Ekebergveien 243, 1166 Oslo, Norway

VOM Dogrun Ekeberg 2026
Sun, 18 Oct at 12:00 pm VOM Dogrun Ekeberg 2026

Ekebergsletta

Bygd\u00f8ymila 2026
Sun, 18 Oct at 12:00 pm Bygdøymila 2026

Hukkoden Bygdøy

Slik takler du IDIOTENE P\u00c5 JOBBEN! 2 \/\/ Oslo
Mon, 19 Oct at 07:00 pm Slik takler du IDIOTENE PÅ JOBBEN! 2 // Oslo

Chateau Neuf - Det Norske Studentersamfund

Oslo is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Oslo Events