Advertisement
Konserten er UTSELD.Åge Aleksandersen inviterer til ein personlig solokonsert – ein kveld der songane står i sentrum, akkurat slik dei vart skrivne.
I 2026 vil Åge kun gjennomføre eit avgrensa tal solokonserter. Kvar konsert vert difor eit eige møte, der publikum får oppleve låtane i eit nært og konsentrert format.
Age står åleine på scena, men ikkje utan retning. Det vert ein gjennomarbeida kveld der musikken, tekstane og historiene heng tett saman. Repertoaret er henta frå heile karriera, og vert presentert i akustiske versjonar, som gir rom for både nyansar og detaljar i songane.
Mellom låtane deler Åge bakgrunn, samanheng og augneblink frå eit langt liv som låtskrivar og formidlar. Det handlar ikkje om å forklare songane, men om å gi publikum eit innblikk i korleis dei vart til, kva som sette dei i gong, og korleis dei har levd vidare over tid. Nokre historier er faste, andre oppstår i rommet og i møtet med publikum.
Kvar konsert denne hausten vert forma av staden, kvelden og publikum som kjem, men innanfor eit format som gir trygghet både for artist og sal. Dette gjer at ingen kveld vert heilt lik, samtidig som publikum veit at dei vert inviterte inn i ein gjennomtenkt og heilskapleg konsertoppleving.
Dette er Åge Aleksandersen i eit format som gir plass til både musikken og mennesket bak – konsentrert, direkte og utan store fakter.
Advertisement
Event Venue
Øyna 1, 6200 Stranda, Norway, Øyna 1, 6200 Stranda, Norge, Stryn, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

