Advertisement
”Å bli til”, utstilling Hilde HanevikKunstprosjektet er ei hyllest til Jæren. Ein natur som har forma kunstnaren gjennom 30 år. Det er ikkje berre me menneske som påverkar naturen, me blir til i eit samspel med den. Naturen kan hjelpa oss å finna styrke, ømheit, sinne og kraft. Utstillinga uttrykkjer eit møte med denne særeigne naturen, der jærbuen blir til.
Utstillinga består av måleri og grafikk. Måleria er utførte i akryl eller olje. I tillegg har kunstnaren brukt monotypi som uttrykksform.
Nettside: https://www.hildehanevik.com/
Hilde Hanevik er psykiater, kunstterapeut og biletkunstnar. Ho er fødd i Fredrikstad, men har vore busett i Time kommune frå 1994. Ho er i kunsten sin oppteken av å formidla nærvær. Nærvær i møte med andre. I augneblink av attkjenning eller av erkjenning. Eller i det å prøva å vidareformidla ei erfaring eller ei kjensle. Ho prøver å fanga nokre av desse heilage augneblinkane.
Kunstnaren er også oppteken av nærvær med den naturen me er så avhengige av. Dei små stundene av fortetta skjønnheit og intensitet, i lyset i snøen, dei første spirene om våren, i havet som søkjer mot land, no som for millionar av år sidan. Fjellet som har overlevd siste istid. Ho bruker mykje tid ute; på stranda, i skogen og på fjellet.
Biletet er eit anna språk enn orda og det opnar derfor for ei anna form for kommunikasjon mellom kunstnar og den som opplever kunsten. Eit anna møte, og i det eit nærvær.
Ope: 01.11, 08.11, 15.11, 22.11, kl. 12.00-16.00
Gratis inngang første time på opningsdag, elles inngang kr. 30,-.
Alle under 18 år gratis.
Torvhuset brukskunst er ope under utstillinga.
Advertisement
Event venue
Fossevegen 176, 4346 Bryne, Norway, Fossevegen 176, 4346 Bryne, Norge, Bryne, Norway
Tickets