Advertisement
Laurdag 18.juli er det klart for ein svingande og fantastisk jazzkonsert i Rosekyrkja! Ytre Suløens Jass-Ensemble har eksistert med varierande besetning i over 50 år! Bandet med det litt rare namnet oppstod i 1973 i det aktive musikkmiljøet i Langevåg. Fleire av dei som var med å starte Ytre Suløens vart etterkvart profesjonelle musikarar, men ingen av dei opprinnelege musikarane er med i bandet i dag. Med ei ny generasjon Suløen-musikarar på laget kombinerer bandet leiken speleglede, rå energi og musikalsk djupn. Repertoaret spenner frå klassisk New Orleans-jazz og gospel til personlege tolkingar av musikk av mellom andre Charles Mingus, Don Cherry, Carla Bley og Tom Waits.
Den karismatiske vokalisten Tricia Bouttè, fødd og oppvaksen i New Orleans, har vore ein sentral del av bandet sidan 2002. Ho tilfører konsertane varme, sjel og ein autentisk nærleik til jazzbyen sitt uttrykk.
Med over 30 plateinnspelingar og fleire turnéar i inn- og utland, har Ytre Suløens Jass-Ensemble prega norsk jazzliv i fleire tiår. I Louis Armstrong si ånd skapar dei ein musikalsk energi som smittar over på publikum, og vi er utruleg stolte av at dei no endeleg kjem til Kyrkjehola for å dele spelegleda si med oss. Konsertane er prega av humor, intensitet og sterk publikumskontakt – dette er jazz som lever, pustar og smittar.
Vi er sikre på at stemninga kjem til å nå heilt opp til kyrkjespiret! Velkommen til ein skikkeleg jazzkveld i Rosekyrkja!
Billettar på Vipps #911184, kr. 400,- (Medl. Fortidsminneforeningen får 50% rabatt)
Advertisement
Event venue
Rosekyrkja Stordal, Voll, More og Romsdal, Molde, Norway
Tickets
Discover more events by tag
Concerts in MoldeJazz in MoldeMusic in MoldeLive-music in MoldeEntertainment in MoldeGospel in Molde