#StayHappening
Sat Oct 31 2026 at 11:00 am to 02:30 pm UTC+01:00

VERDISEMINAR FOR VEST-TELEMARK

  • Raulandsvegen 60 · Notodden
Prostidiakonen i Vest-Telemark Publisher / Host Prostidiakonen i Vest-Telemark
Share
VERDISEMINAR FOR VEST-TELEMARK
Advertisement
Verdiseminar 2026: Ver budd. Alltid budd?
Kyrkja, medmennesket og lokalsamfunnet i beredskapstida
Laurdag 31. oktober inviterer Prostidiakonen i Vest-Telemark og
Vinje kommune til det årlege Verdiseminaret på Vinjehuset.
Temaet for årets seminar er: «Ver budd. Alltid budd?», med fokus på korleis kyrkja, frivilligheita og lokalsamfunna kan styrkje den menneskelege og sosiale beredskapen i ei uroleg tid.
I Totalforsvarsåret vert det ofte snakka om straum, vatn, matlager og naudetatar. Men beredskap handlar òg om menneske. Tillit, omsorg, fellesskap og håp er ressursar som blir avgjerande når samfunnet møter kriser. Verdiseminaret ønskjer å setje søkjelyset på nettopp desse verdiane.
Sidan 2004 har Vinje kommune og diakonien i Vest-Telemark samarbeidd om å arrangere Verdiseminaret, som har blitt ein viktig møteplass for refleksjon kring aktuelle samfunnsspørsmål.
Programmet byr på innlegg frå ei rekkje fagpersonar og aktørar innan kyrkje, beredskap, kultur og frivillig arbeid. Mellom dei medverkande er Per Gunnar Disch frå Universitetet i Søraust-Noreg, Jan W. Ruud, fylkesberedskapssjef i Telemark, sokneprest Tor Eivind Erikstein, kultursjef Kristian Rantala og diakon Asbjørn Sagstad frå SPIR.
Etter pause med musikkinnslag ved kantor Robertas Lamsodis vert seminaret avslutta med ei sofasamtale mellom representantar frå frivillige organisasjonar, kyrkje og kommune. Her blir det samtale om korleis lokalsamfunna kan byggje motstandskraft, ta vare på dei som fell utanfor og styrkje samarbeidet mellom frivillige, kommune og kyrkje.
Seminaret er gratis og ope for alle interesserte.
Arrangørar: Diakonatet i Vest-Telemark og Vinje kommune
Advertisement

Event venue

Raulandsvegen 60 , Raulandsvegen 60, 3890 Åmot, Norge, Notodden, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Notodden

ALEX ROSÈN

Sat, 31 Oct at 08:00 pm Bøgata 36, 3800 Bø i Telemark, Norway

Notodden is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.