Advertisement
Oppvaksen i ein musikkfamilie omgitt av kor og song vart Vegard Holum tidlig opptatt av melodien. Korleis den heilt på egenhand kan skape spenning og brått bli kraftfull eller mjuk i møte med andre musikalske elementer. Som aspirerende jazztrompetist retta han fort merksemda mot sjølve nestoren innen melodisk trompetspel, Chet Baker.
Hans uanstrengte og horisantale melodiføring over hyppige akkordskifter var djupt fascinerande. Ingen behov for å imponere eller flashe sin trompetbriljans. Han berre var musikken.
No ønsker Holum å dykke ned i Baker sitt musikalske univers. Han har plukka ut sine favoritter frå katalogen og tar på seg rollen som både trompetist, vokalist og bandleder. For å tolke musikken har han fått med seg eit stjernelag av lokale musikere og saman vil dei hylle «The Prince of Cool».
Vegard Holum - trompet og vokal
Norvald Dahl - piano
Lars Martin Vik - bass
Børre Dalhaug - trommer
Salen er rigga med flatt golv og småbord. Det er fritt seteval. For reservasjon av bord, kan de sende e-post til [email protected].
Omtale og billettar: https://www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20260453
Advertisement
Event venue
Sjøgata 10, 6065 Ulsteinvik, Norway, Sjøgata 10, 6065 Ulsteinvik, Norge, Aalesund, Norway
Tickets
Discover more events by tag
Music in AalesundJazz in AalesundLive-music in AalesundPerforming-arts in AalesundEntertainment in Aalesund