Advertisement
Laurdag 14. november vandrar me frå heim til heim i Hjelmåsbygda igjen. 350 kr per person, alt inkludert, bindande påmelding seinast 30. oktober.Ein av dei kjekkaste tradisjonane me har her i bygda. Ein kveld der ung og gammal (les: Gen Z og boomers), innfødde, innflytta, utflytta og alle som er glade i Hjelmåsbygda får oppleve varme husrom og god mat rundtom i bygda.
Har du ikkje fått med deg kva det handlar om? Så høyr no her, kjære ven:
Me samlast på Eknes karosseri kl. 18.00, der julegrana pleier å stå. Det blir ein velkomstdrink, og me presenterer vertshusa for kvelden. Deretter går me i grupper på 8 til 10 personar frå hus til hus for ein tre rettars meny. Gruppene vert miksa undervegs, så du møter både kjende og ukjende naboar frå heile bygda. Forrett, hovudrett og dessert med drikke blir servert i ulike vertshus, og alt er inkludert.
Når desserten er fortært, er alle deltakarar hjarteleg velkomne på DJ Monks jazzpub i Helleåsen.
Bindande påmelding med betaling på 350 kr per person, snarast og seinast 30. oktober:
https://forms.gle/qj38veQPgZXBqc3TA
Spørsmål? Ring Charlotte Grøttveit på 932 85 058.
Advertisement
Event venue
Hjelmås, Hordaland, Norway, Hjelmås Kai, Sauvågen, 5915 Hjelmås, Norge, Bergen, Norway
Tickets