#StayHappening
Thu, 15 Oct, 2026 at 07:00 pm UTC+02:00

Trond Viggo og Mari i Vang med «Resten av livet»

  • Vangshallen · Lillehammer
Vang Frivilligsentral Publisher / Host Vang Frivilligsentral
Share
Trond Viggo og Mari i Vang med \u00abResten av livet\u00bb
Advertisement
Kva betyr eigentleg «Resten av livet» - og korleis kan me fylle den tida med meining, livsglede og beviste val? Arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn i Vang kommune vil løfte fram dette temaet i kampanjen 55+, og kick-startar kampanjen med ein inspirerande og tankevekkjande kveld med Trond Viggo Torgersen og Mari Garås Monsson!
Saman vil dei ha eit samtaleforedrag om livet, kroppens aldring og overgangen til pensjonistlivet, med humor, livserfaring og klokskap. I samtala løfter dei fram tema me kanskje ikkje er så flinke til å prate om, og heller dyttar framfor oss. Alt frå forvandlingar, val, venskap, familie, bustad, økonomi, avslutningar og nye moglegheiter. Ei fase i livet som kan vere både befriande og forvirrande!
Kanskje vil desse to få oss til å tenkje litt nytt, kjenne etter kva som er viktig – og leve resten av livet med større bevisstheit og mot? Velkomen til eit foredrag som vil gi oss latter, ettertanke og inspirasjon å ta med seg vidare i livet!
Når: Torsdag 15. oktober 2026 kl 19.00.
Kvar: Vangshallen
Inngang: kr 150,- (betaling i døra) Påmelding til [email protected] // 46 81 64 73
Kaffi og biteti. Trond Viggo signerer bøker etter foredraget.
Kampanjen 55+ skal sette fokus på dei som er frå 55 år og oppover, og gjere vangsgjeldingane bevisste på å planlegge for alderdomen i god tid. Kampanjen bygger på planleggelitt.no som er utvikla av Senteret for et aldersvennlig Norge.
Arrangementet med Trond Viggo og Mari er ope for alle - uansett alder! :)
Lån gjerne boka «Resten av livet» på Vang folkebibliotek: https://vang.bib.no/cgi-bin/m2?mode=p&tnr=85147&frapop=t&sourceid=poptit
Foto: NRK
Advertisement

Event venue

Vangshallen, Tyinvegen 5035, 2975 Vang, Norge, Lillehammer, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Lillehammer

Stavsmart'n 2026

Fri, 16 Oct at 12:00 pm Kongsveien 1638, 2635 Tretten, Norway

TID Duo

Fri, 16 Oct at 06:30 pm Fabrikken Pub og Scene

Lillehammer is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.