#StayHappening
Fri, 06 Nov, 2026 at 07:00 pm UTC+01:00

Trerettars på Wergeland med BIT20 Ensemble

  • Kanalveien 90, 5068 Bergen, Norge · Bergen
BIT20 Ensemble Publisher / Host BIT20 Ensemble
Share
Trerettars p\u00e5 Wergeland med BIT20 Ensemble
Advertisement
TRERETTARS PÅ WERGELAND
BIT20 Ensemble disker opp til ein ny minifestival – denne gangen i NRK sine gamle lokaler på Wergeland Kulturarena.
På fjorårets minifestival fylte me Marinehagen med eit nydeleg publikum, god mat, musikk som både overraska og fekk oss til å le høgt. No gjer me det ein gang til – berre annleis.
BANZHA
Skjem bort sansane og nyt tre små, vegetariske rettar servert av Banzha medan godaste Bjarni Frímann presenterer meir enn eit snes urpremierar framført av BIT20 Ensemble.
SAKTE, FALLENDE
Årets unge jazzmusikere og vinnarar av Jazzintro-prisen, kvartetten Sakte, Fallende beveger seg mellom ambient, hard støy, country og bossa. Dette skreiv musikkjournalist Audun Vinger etter konsert med jazzkvartetten: “Sakte, Fallende har et lekkert og medrivende sound som fikk ekstatisk mottakelse. Dette er et band jeg vil anbefale mange å booke.” Denne kvelden leiker dei seg på scena saman med BIT20 Ensemble.
“Litt drøyt å kalle dem en sensasjon, men det var sannelig ikke langt unna.”
Audun Vinger om Sakte, Fallende
EVA PFITZENMAIER & SIGURD FISCHER OLSEN
Eva Pfitzenmaier og Sigurd Fischer Olsen har skrive eit nytt verk for akkurat denne kvelden. På scena står Eva Pfitzenmaier og BIT20 Ensemble.
AVGARDE
I år fyller Avgarde 20 år og me feirar dei med ein serie 2-minutts miniatyrverk frå komponistar på Vestlandet. Det vert store idear, pakka inn i små verk, framført av BIT20 Ensemble.
PÅ SCENA
Bjarni Frímann - dirigent
BIT20 Ensemble
Sakte, Fallende
Eva Pfitzenmaier
Kokk - Banzha
Banzha serverer noko å bita i frå Yunnan-provinsen i sørvest-Kina. Det er mogleg å kjøpa mat i døra, men me vert ekstra glad om dykk kjøper på førehand via billettlenke under.
Champagneentusiast og frontfigur i DATAROCK, Fredrik Saroea, er kveldens mann bak baren og kan freiste med bobler og anna brusande lesk.
Advertisement

Event venue

Kanalveien 90, 5068 Bergen, Norge, Kanalveien 90, 5068 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.