Advertisement
Er du klar for kunnskap, konkurranse og godt selskap? Frå september arrangerer Leikanger ungdomslag quiz på ungdomshuset den første torsdagen kvar måndad – alle er velkomne!Første quizkveld er torsdag 3. september 2026 og kveldens quizvert er Tom Wolff Navarsete.
Baren opnar kl. 18.30, så det er god tid til å slå av ein prat og setje seg til rette før quizen startar kl. 19.00. Vi tek sikte på å vere ferdige innan kl. 22.00.
Quizen passar for alle – anten du kjem for å vinne premiepotten eller berre for det sosiale og det kjekke fellesskapet. Det er også fritt fram å kome innom sjølv om du ikkje har eit lag. Kanskje finn du deg eit lag, eller kanskje vil du prøve deg på eiga hand? Eller kanskje vil du berre sitte og prate litt med dei frivillige som jobbar i baren.
- Maks 5 deltakarar per lag, og deltakaravgifta er kr 50 per person. Meld laget ditt på via påmeldingsskjemaet: https://forms.gle/9otXdYy6HJftkn3s9
Arrangementet er for personar over 18 år.
Quiz-datoar hausten 2026
- Torsdag 3. september
- Torsdag 1. oktober
- Torsdag 5. november
- Torsdag 3. desember
Vi håper å sjå deg på quiz på Leikanger ungdomshus i haust! Ønskjer du fleire slike aktivitetar? Støtt Leikanger ungdomslag ved å melde deg inn i laget vårt: https://www.ungdomslag.no/lag/leikanger
Advertisement
Event venue
Røysavegen 1, 6863 Leikanger, Norway, Røysavegen 1, 6863 Leikanger, Norge, F, Norway
Tickets