Advertisement
Tom Roger Aadland skal spela inn nytt album, og det vil han gjera med publikum i salen. På førre album, det kritikarroste «Lysvandring», var Tom Roger åleine med gitaren. Denne gong har han invitert sju norske toppmusikarar med bakgrunn frå americana, indie, folkemusikk og jazz med seg på scenen. Med eit akustisk ensemble av sjeldant format og ei sterk bunke nyskrivne låtar, ligg alt til rette for ei flott konsertoppleving.«Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie», skreiv hi-fi-magasinet Stereo+ då albumet «Skyer» kom ut. «Han kan til tider minne om en norsk Cohen, i balansegang mellom hverdag og mytologi, Jokke og Homer», skreiv Klassekampen om albumet «Motgift». Dagsavisen meinte den gong at «det hadde vært på sin plass at Bob Dylan spilte inn disse sangene på engelsk».
Som låtskrivar er Tom Roger Aadland særmerkt av evna til å skriva sterke tekstar kopla med iøyrefallande melodiar. Ei rekkje av songane hans har blitt radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen låtar som «Alle dei i ei» og «Like til mi dør». Han er også kjent for sine gjendiktingar av Bob Dylan, og som tekstforfattar for bl.a. Hellbillies og Vamp. I fjor kom songtekstane hans ut i bokform på Fonna Forlag.
Tom Roger Aadland: vokal, gitar
Anne Lise Frøkedal: gitar, vokal, synth
Kjetil Steensnæs: gitar, pedal-steel
Nils Økland: hardingfele
Sigbjørn Apeland: trøorgel
Olav Christer Rossebø: mandolin
Bjørn Holm: bass, kontrabass
Pål Hausken: slagverk, perkusjon
Materialet er skrive med støtte frå Det norske komponistfond.
Advertisement
Event Venue
Stavangeren, Vaisenhusgata 37, 4012 Stavanger, Norge, Stavanger, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





