#StayHappening
Tue, 08 Dec, 2026 at 06:00 pm UTC+01:00

Teater Vestland: Gubben, katten og nissemaskina // Oseana

  • Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway · Bergen
Oseana kunst- og kultursenter Publisher / Host Oseana kunst- og kultursenter
Share
Teater Vestland: Gubben, katten og nissemaskina \/\/ Oseana
Advertisement
Er du klar for ei leiken, hjartevarm og fullstendig julemagisk oppleving?
I Gubben og katten og nissemaskina møter vi den snille og litt rare Gubben Pettersen og katten Findus, som er like full av sprell som alltid.
Findus vil ha nisse på besøk. Ordentleg nisse. Med skjegg, sekk og julehumør!
Pettersen trur ikkje på nissen, eller, det er hvertfall lenge sidan han har sett ein.
Kva gjer ein når ein treng nisse, men ikkje kjenner nokon?
Sven Nordqvist sine bøker om Gubben og katten har begeistra ungar og vaksne i over tretti år, og vi gler oss til å invitere heile familien inn i teateret for ein solid dose av den gode julefølelsen. Publikum får vere med på ei fantasifull reise full av oppfinningar, julelys og forunderlege møte. Og kanskje dukkar det også opp ein ekte nisse til slutt?
Av Svend Nordqvist
Regi: Ingrid Askvik
Produsert av Teater Vestland
___
Varigheit: ca 90 minutt, men her kan det kome endringar/oppdateringar
Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har gratis inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post [email protected]
Advertisement

Event venue

Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.