Advertisement
Me startar hausten med ein heil tysdag ettermiddag og kveld i Vonheim. Det startar med Supertysdag med middag , forteljestund med Astrid Sudman, leik og aktivitet for borna, kaffi og prat for dei vaksne. Når det er kveld for dei minste, kan dei litt eldre -i alle aldrar halda fram med kaffi og prat fram til bibeltime ved Ragnar - Raggen Tesdal. Raggen byr også på musikk saman med Åshild Bøe.
Velkommen til å stilla spørsmål, eller berre lytta.
Dette er og kvelden der de får helse på våre to nye volontørar, Lilli og Lea, som skal bu og jobbe i Vonheim det komande skuleåret. Eit år på ein ny stad (og kanskje særleg i Noreg?) er sosialt sårbart, og me vil gjerne at dei skal få sjå at det finnast trivelge folk i bygda på starten av haustsemesteret!
Ung, gammal eller midt i mellom - ver velkommen.
K
Advertisement
Event venue
Vonheim, Hestabakkvegen 1, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway
Tickets