#StayHappening
Thu, 22 Oct, 2026 at 07:00 pm UTC+02:00

Steffen Kverneland & Ragnar Hovland

  • Smedasundet 66, 5528 Haugesund, Norway · Haugesund
H\u00f8vleriet Publisher / Host Høvleriet
Share
Steffen Kverneland & Ragnar Hovland
Advertisement
Legenda Ragnar Hovland og landets fremste teikneseriekunstnar, Haugesundar Steffen Kverneland, har laga ein grensesprenganda biografi om Nikolai Astrup og feirer med bokslepp på Høvleriet!
Mykje var allereie blitt skrive om livet til den store kunstnaren, men kanskje ikkje om Gassen? Eller den djevelske haren? Og kor grundig hadde eigentleg det store stipendrøveriet til Ludvig Karsten blitt behandla? Ragnar og Steffen vil i si nye bok kaste eit revolusjonerande lys over den store kunstnaren. Men dei kan jo ikkje berre jobbe. Dei må ete og ikkje minst drikke også.
I løpet av opphaldet i Jølster og familiehytta til Ragnar prøver dei så godt dei kan å ha Astrup i fokus. Men andre spørsmål trenger seg på: Vil Oddvar Torsheim openberre seg? Finst det sjøorm i Jølstravatnet? Kvifor vaknar Ragnar med blod over heile seg? Kven tok bilde av Steffen og Ragnar då det var berre dei i hytta? Svara på dette og mykje meir får du i den geniale gonzobiografien Astrup.
Forfattar Ruth Lillegraven leiar samtalen med dei to frå scena!
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.
Steffen Kverneland (f. 1963) er ein norsk teiknar, teikneserieskapar og forfattar, mest kjend for sine «amputerte» versjonar av kjente bøker og seinere satsning på sakprosa og biografi, og sjølvbiografi i teikneserieform.
Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne.
Arrangeres av Høvleriet og Haugesund Folkebibliotek
Advertisement

Event venue

Smedasundet 66, 5528 Haugesund, Norway, Smedasundet 66, 5528 Haugesund, Norge, Haugesund, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Haugesund

Haugesund is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.