Advertisement
Ei varm, morosam og undrande bok om livet i Noreg. Eit modig forsøk på å bli norsk.Forfattar Gert Rietman bur på Sjøholt og gav ut boka «På sidelinja i Noreg» 1. september 2026.
Det er ei varm, morosam og undrande bok om livet i Noreg. Eit modig forsøk på å bli norsk. "På sidelinja i Noreg" er ei personleg og humoristisk bok om å finne seg til rette i eit nytt land – og om å oppdage at ein kan høyre heime fleire stader samtidig.
Gjennom korte forteljingar møter lesaren eit Noreg sett med undrande auge. Bak dei morosame historiene ligg refleksjonar om identitet, heimlengsel, tilhøyrsle og korleis eit nytt språk og ein ny kultur sakte blir ein del av den ein er.
Boka er ei kjærleikserklæring til Noreg – men òg ei påminning om at den som kjem utanfrå, ofte ser det dei som bur her, ikkje lenger legg merke til.
Gert vil lese frå boka og vil gjerne ha dialog og spørsmål frå publikum. Han sel boka si på biblioteket.
Gratis og ope for alle. Velkomne!
Advertisement
Event venue
Biblioteket i Stordal, Storgatan 38, SE-114 55 Stockholm, Sverige, Stockholm, Sweden
Tickets