Advertisement
Purppuri!Eit stjernelag av nordiske folkemusikarar går saman om å revitalisere musikk frå 1700-talets notenedskrifter. Esko Järvelä frå Finland, Mads Kjøller Henningsen frå Danmark, Johan Hedin frå Sverige og Sunnmøres eigne Jorun Marie Kvernberg byr på fengande dansemelodiar i tett og drivande samspel!
Det er rom for å oppleve konserten både som sitjande lyttar og som utforskande dansar! Me byr på rilar, valsar, reinlender, gangar, polska og rekkedansar.
_______________________________________________________
Billett kr. 300 for vaksne, gratis under 18 år.
Billett i døra eller på tikkio.com
Arr: Ålesund Folk Festival i samarbeid med Jorun Marie Kvernberg og Foreningen Norden - Ålesund
_______________________________________________________
Purppuri på YouTube:
OM PURPPURI
Når gulna papir med krusedullar i blekk kjem musikarane i Purppuri i hende, får utøvarane stjerner i augene, kribling i fingrane og dansefoten vippar oppildna. Det er nordiske notenedskrifter frå 1700-talet som fengjer og engasjerer denne gjengen. Sjeldan høyrer ein slåttar frå Napoleons dagar svinge så kraftig. Velkomne til Purppuri!
Namnet Purppuri stammar opprinneleg frå eit potpurri av finske bryllaupsdansar frå 1700-talet. I timesvis kunne desse slåttane samle folk i dans – som ei feiring av både livet og kjærleiken. Purppuri vever slåttane inn i kvarandre. Slik lagar dei lange og uavbrutte økter, og ei stemning som gir publikum høve til å bli dratt inn i flyten – der musikk og dans smeltar saman og fellesskap får vekse utan ord.
Purppuri var opprinneleg tinga av FolkOrg til opninga av Folkelarm i 2025.
Esko Järvelä - bratsj, tenorgitar
Johan Hedin - oktavnøkkelharpe
Jorun Marie Kvernberg - feler, hardingfele
Mads Kjøller Henningsen - fløyter, sekkepiper
_________________________________________________________
https://www.aalesundfolkfestival.no/folk-i-aalesund/folk-i-aalesund-purpurri
Advertisement
Event venue
Sobra scene, Korsegata 6, 6002 Ålesund, Norge, Aalesund, Norway
Tickets
Discover more events by tag
Concerts in AalesundMusic in AalesundDance in AalesundPerformances in AalesundPerforming-arts in Aalesund