#StayHappening
Fri, 02 Oct, 2026 at 08:00 pm to Sat, 03 Oct, 2026 at 01:00 am UTC+02:00

Pubkveld med Frynsegodene

  • Kong Beles veg 41, 6899 Balestrand, Norway · F
Balestrand Hotell Publisher / Host Balestrand Hotell
Share
Pubkveld med Frynsegodene
Advertisement
Etter suksessen førre haust, er vi klare for ein ny runde med pubkveld. Ja, Frynsegodene kjem nok ein gong til Balestrand Hotell!
Med toradaren i sentrum stiller Frynsegodene med stødig komp og godt humør. Kjenner vi dei rett blir det både spel og lått, preiking med kjende og ukjende, toppa med folkrock frå dei britiske øyane. Og kanskje ventar det ein liten quiz òg i løpet av kvelden? Alt kan skje denne fredagen på Balestrand Hotell.
Fredag 2. oktober
Dører: 20:00
Start: 21:30
Billettpris: 150,-
Det blir ei innhaldsrik helg på hotellet, med pubkveld på fredag 2. oktober, og språksjov med Linda Eide laurdag 3. oktober. Frynsegodene består av Tonje Fløystad, Eli Versto, Christina Brunner og Kjersti Berge, saman med Linda Eide. Med mottoet “lite for gehøret, mykje for humøret!” byr dei på lause latterband og garantert god stemning. Her er det med andre ord berre å glede seg!
Overnatting
Treng du overnatting? Vi har laga eit eige tilbod for denne helga, der romprisen inkluderer frukost. Ta med deg ein ven, ein kjærast eller ein forelder, og kombiner sjovet med overnatting, sauna, god mat og hauststemning ved fjorden!
Ting rom som vanleg via heimesida vår www.balestrand.com.
Advertisement

Event venue

Kong Beles veg 41, 6899 Balestrand, Norway, Kong Beles veg 41, 6899 Balestrand, Norge, F, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events

MOJNA

Sat, 03 Oct at 06:00 pm Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway