Advertisement
Kammerskoret og musikalsk leiar Hilde Svalbjørg inviterer til Pubkor på Støyperiet!Pubkor er, som ordet sjølv hintar til, eit uformelt og sosialt arrangement der folk møter på ein pub for å synge saman over eit glas.
Kort fortalt fungerer det slik:
- Du treng ikkje å ha gått i kor, kunne lese notar eller ha ein «god» songstemme, alle syng med den stemma dei har.
- Ein musikalsk leiar lærar alle ein kjend sang (ofte i eit enkelt, fleirstemt arrangement) i løpet av kvelden.
- Det handlar om songglede, god stemning og å ha det kjekt saman!
Me startar kvelden med at kammerkoret syng ein oppvarmingssong for å setje stemninga. Deretter skal me saman lære ein kjend popsang. Kva song det blir, er ein hemmelighet fram til du kjem! 😉
Som sagt: Det er null krav til forkunnskapar eller "god" songstemme. Kom akkurat som du er! Det blir lagt opp til pausar undervegs, så det er god tid til å slå av ein prat og vere sosial.
Praktisk:
- Tidspunkt: Kl. 19.00 – 21.00 (Kom gjerne litt før 19).
- Stad: Støyperiet
- Aldersgrense: 20 år
Ta med deg ein ven, ein kollega eller kom aleine. Me gler oss til ein skikkeleg triveleg kveld!
Advertisement
Event venue
Sentrumsvegen 41, 5460 Kvinnherad, Norway, Sentrumsvegen 41, 5460 Husnes, Norge, Haugesund, Norway
Tickets