#StayHappening
Sat Oct 17 2026 at 06:00 pm to 07:30 pm UTC+02:00

Osøren jazzensemble – 50 år med gladjazz!

  • Oseana kunst- og kultursenter · Bergen
Share
Os\u00f8ren jazzensemble \u2013 50 \u00e5r med gladjazz!
Advertisement
I 2026 feirer Osøren Jazzensemble sitt 50-årsjubileum og inviterer Osøren Jazzensemble – 50 år med gladjazz
Ein stor jubileumskveld med Marius Neset og ei lang rekke gjester
I år feirar Osøren Jazzensemble heile 50 år – og inviterer til feststemd jubileumskonsert fylt med gladjazz, speleglede, musikalske tilbakeblikk og møte mellom fleire generasjonar musikarar.
På scena står dagens Osøren Jazzensemble saman med tidlegare medlemar, faste vikarar og gode musikalske vener frå ensemblet si lange historie. Det blir ein kveld der fortid og notid møtest, og der musikken som har samla både musikarar og publikum gjennom fem tiår, står i sentrum.

Med seg får dei ei imponerande rekke gjester med sterke band til ensemblet.
Kveldens hovudgjest er ingen ringare enn vår eigen Marius Neset. Med sitt virtuose og særmerkte musikalske uttrykk har han markert seg på nokre av dei fremste jazzscenene i verda.
Trompetist Karl Ole Midtbø, som var med heilt frå starten, skal òg leie publikum gjennom kvelden som konferansier. Gjennom musikk, historier og tilbakeblikk blir vi tekne med på ei reise gjennom ensemblet sine første 50 år.
Osøren Jazzensemble vart etablert hausten 1976 av musikarar med bakgrunn frå Os Musikkforeining og det spirande tradjazzmiljøet i regionen. Allereie nyttårsaftan same året heldt ensemblet debutkonserten sin på Solstrand. Sidan den gong har Osøren Jazzensemble vore ein viktig og fargerik del av det lokale musikklivet – med improvisasjon, varme, humor og ekte speleglede som kjennemerke.
No skal fem tiår med musikk feirast slik dei bør: med fullt ensemble, kjende gjester, nye musikalske møte og gladjazz frå scena i Oseana.
Bli med på ein heilt særskild jubileumskveld – og feir 50 år med musikk, tradisjon, fellesskap og speleglede!
OSØREN JAZZENSEMBLE
Marita Moe Sandven - vokal
Are Ovesen - trompet
Geirmund Sandven - trombone
Geir Mildestveit - klarinett
Terje Neset - banjo og vokal
Ole Amund Gjersvik - kontrabass
Rolf Seldal - trommer (vikar for Stein Inge Brækhus)
Medvirkende gjesteartister:
Marius Neset: saxofoner
Bjørn Blomberg: saxofon
Karl Ole Midtbø: trompet og konferansier
Tone Linn Schanche - Mjånes: vokal
Anna Lisa Lekven: vokal
Mikael Lekven: piano
Aasmund Brekke: piano
Oddgeir Bjelland: bassgitar
Oddvar Rørtvedt: kontrabass
Roald Gilje: tuba
Walfred Nøss: trommer

Advertisement

Event venue

Oseana kunst- og kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

GITARLEGENDENE

Sat, 17 Oct at 02:00 pm Bryggen 43, 5003 Bergen, Norway

We Take Requests

Sat, 17 Oct at 02:00 pm Øvre Ole Bullsplass 3, 5012 Bergen, Norway

BJØRN MOE

Sat, 17 Oct at 09:30 pm Bryggen 43, 5003 Bergen, Norway

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.