#StayHappening
Sat, 24 Oct, 2026 at 01:00 pm UTC+02:00

Opning utstilling/kulturløype Låstad Lygre - Foto med lyrikk

  • Westland Hotel AS · Bergen
Lind\u00e5s Bygdelag Publisher / Host Lindås Bygdelag
Share
Opning utstilling\/kulturl\u00f8ype L\u00e5stad Lygre - Foto med lyrikk
Advertisement
Lindås sogelag har ei unik samling glasplater etter Marie Låstad Lygre (1880 - 1960) Ho var amatørfotograf og budde på Lindås. Dei fleste av motiva er frå Lindåsbygda. Ein del av desse motiva kan du no sjå på Westland Hotel. Andre motiv er plassert ute i nærleiken av der fotografen sto for omlag 100 år sidan. Lyrikk av dottera til Marie, Aslaug Låstad Lygre, er med og set stemninga.
På opninga vil fotoarkivar i Vestland Fylkeskommune, Hedvig Ølmheim fortelje om fotografia. Etterkommarane etter Marie og Aslaug, Einar Lygre og Inger Johanne Lygre Øvstegård vil og sei noko. Musikalsk innslag ved Lindås Songlag.
Etter utstillingsopninga på hotellet kan dei som ynskjer bli med på kulturvandringa utandørs, ta på kle etter veret. Om ein vil gå kulturløypa ein annan dag kan ein få med seg kulturløypefaldaren med kart.
Utstillinga er tilgjengeleg i hotellet sine opningstider. Kulturløypa er alltid open, startpunkt på hotellet. Gratis!
Velkomen!

Prosjektet er utført av Lindås Sogelag, i samarbeid med Vestland Fylkesarkiv, Lindås bygdelag, Lindås bygdeboknemnd, Lindås Sanitetsforening og etterkommarane etter Marie Låstad Lygre. Utstillinga er ein del av programmet for Nynorskdagane i Alver 2026.

Prosjektet er støtta av Norsk kulturråd, Vestland Fylkeskommune, Alver kommune, Lindås bygdelag, Fond etter Aslaug Låstad Lygre
Advertisement

Event venue

Westland Hotel AS, Kvalen 30, 5955 Lindås, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.