#StayHappening
Fri Nov 20 2026 at 06:00 pm to 07:00 pm UTC+01:00

Olav Duun og menneskemaktene

  • Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway · Bergen
Litteraturhuset i Bergen Publisher / Host Litteraturhuset i Bergen
Share
Olav Duun og menneskemaktene
Advertisement
Olav Duun 150 år! Foredrag med Ronny Spaans
​Olav Duun er ein av dei mest gripande forfattarane i norsk litteratur. Kvaliteten i forfattarskapen kjem til dømes fram i Medmenneske, eit høgdepunkt i forfattarskapen. Der utforskar Duun makt og lagnad mellom menneske. Det handlar om den vonde Didrik Dale, den underkua sonen Håkon og svigerdottera Ragnhild. Romanen fører oss inn i menneskesinnet, i dei irrasjonelle maktene som styrer oss.
I føredraget blir du betre kjend det litterære språket til Duun, dei råkande replikkane fulle av verbal kraft og underdriving. Det er ein forteljarkunst som går tilbake til islendingesogene. Duun skreiv norske soger i same stil. Spaans brukar Medmenneske som utgangspunkt for føredraget. Ragnhild sitt sitat «Det vonde drep du ikkje med øks» fortel både om språkleg kreativitet og om miskunn, som er så typisk for Duun.
Ronny Spaans er professor i litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo. Han forskar på nynorsk litteratur i førre hundreåret, forfattarar som Olav Nygard og Olav H. Hauge, og han arbeider for tida med ei bok om topografisk litteratur på 1600-talet. Han er òg medredaktør av Norsk litterær årbok.
​150/120/60,–
​Foto: Nasjonalbiblioteket via Wikimedia Commons

‍
Advertisement

Event venue

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

VAMP // Oseana

Fri, 20 Nov at 07:00 pm Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.