#StayHappening
Sun, 01 Nov, 2026 at 02:00 pm UTC+01:00

Nye Dialoger - Lindvall og Hagen på G!

  • Christinegaard Hovedgaard · Bergen
Foreningen Antikk Musikk Publisher / Host Foreningen Antikk Musikk
Share
Nye Dialoger - Lindvall og Hagen p\u00e5 G!
Advertisement
God dialog kan løyse mang ein floke, både på den store skalaen og på alle dei mindre. Det er jamen mange ting som blir nesten magisk mykje enklare når me berre snakkar saman!
Når Lindvall og Hagen speler saman prøver dei med dette å bidra - på sitt vis - til verdas store, samla dialog-konto. Dei har funne fram musikk som ikkje er skriven for fiolin og cembalo, men for orgel, for fløyte, og for viola da gamba. Alt er altså nye dialogar, alt med utspring frå det velrenommerte Musikhaus Bach.
Skalaen dei har vald seg denne gong er G: Dur og moll. G-dur har blitt skildra som både brilliant og overtalande, medan g-moll er mildare; yndig, snill og skjønn. Så her burde alt liggje til rette for eit utmerka samtaleklima!
Den einaste mogelege raken som skjuler seg i dette Grøne Graset, er at alle stykkja som skal spelast eigentleg er trioar. Trekantar kan jo som kjend nokon gongar innbere ein viss fare for drama. Når det er sagt - Bach inneber alltid ein god porsjon drama.
Duoen har likevel blikket festa på God og Gavnleg dialogkultur.
Advertisement

Event venue

Christinegaard Hovedgaard, Formanns vei 3, 5037 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.