#StayHappening
Wed Nov 25 2026 at 06:00 pm to 07:30 pm UTC+01:00

Noreg i ei ny tid: kampen om rettsstaten. Kva skjer når demokratiet blir sett på prøve?

  • Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway · Bergen
Litteraturhuset i Bergen Publisher / Host Litteraturhuset i Bergen
Share
Noreg i ei ny tid: kampen om rettsstaten. Kva skjer n\u00e5r demokratiet blir sett p\u00e5 pr\u00f8ve?
Advertisement
Med Hans Petter Graver, Lise Øverås, Ole Rasmus Øvretveit m.fl.
​Demokrati og rettsstat blir ofte tekne for gitte. Men historia viser at dei grunnleggjande institusjonane som vernar fridom, rettar og maktfordeling kan vere langt meir sårbare enn vi ønskjer å tru. Kva skjer når politiske leiarar utfordrar domstolane, rettsvesenet blir politisert, eller grunnleggjande rettar blir sette til side i krisetider?
I boka Kampen om rettsstaten undersøker jurist og professor Hans Petter Graver korleis demokratiske samfunn kan gli i autoritær retning, og kva rolle rettsstatlege institusjonar spelar når politisk makt blir utfordra. Med historiske erfaringar frå mellomkrigstida og Nazi-Tyskland som bakteppe, men også med blikk mot vår eiga tid, viser Graver korleis demokratiet kan undergravast gradvis og innanfrå.
Denne kvelden inviterer vi til ein samtale om rettsstaten sine styrkar og svakheiter i ei tid prega av geopolitisk uro, polarisering og aukande press mot demokratiske institusjonar. Kor robuste er eigentleg dei demokratiske samfunna våre? Kva kan vi lære av historia? Og kva ansvar har akademia, media, juristar, politikarar og borgarar for å verne om rettsstaten?
Til å utdjupe og diskutere desse spørsmåla møter Graver mellom andre Lise Øvreås, professor ved Universitetet i Bergen. Fleire paneldeltakarar vil bli annonserte etter kvart. Samtalen blir leia av Ole Rasmus Øvretveit.
Hans Petter Graver er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og ein av Noregs fremste ekspertar på rettsstat, demokrati og rettshistorie. Gjennom ei årrekkje har han forska på forholdet mellom jus, politikk og makt, og han har gitt ut ei rekkje bøker om rettslege og samfunnsmessige spørsmål.
150/120,–
Gratis for studentar ved framvising av studentbevis og for medlemmar av Academia Europaea
Foto: Eva Dobos, Trond Isaksen, Canva
Arrangementet er eit samarbeid mellom Akademisk Europabevegelse Bergen, Universitetet i Bergen og Europabevegelsen Vestland og Litteraturhuset i Bergen
Advertisement

Event venue

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Tickets
Concerts, fests, parties, meetups — all the happenings, one place.

Discover more events by tag

Ask AI if this event suits you

Keep the plans coming

More events in Bergen

Milonga (2023)

Wed, 25 Nov at 07:00 pm Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrresgate 49, 5015 Bergen, Norway

Bergen is happening.

See everything else that’s on — concerts, markets, comedy and more.